Dahl er til dagleg prosjektkoordinator i Stad2020, og vil halde fram i denne stillinga. Eid og Selje kommunar skal slås saman Stad kommune frå 1. januar 2020.

- Mange tenkjer nok at ein slik kombinasjon er krevjande. Eg tenkjer at den gjev moglegheiter. Fellesnemnda for Eid og Selje ønskjer at vi skal starte samordning av avdelingane i Eid og Selje så snart vi er klare for det, og eg tenkjer at det er ein fordel for både prosessen og dei tilsette at begge rådmenna er involvert i både dagleg drift og i arbeidet med kommunesamanslåing, seier Kristine Dahl i ei pressemelding.

Kommunestyret i Selje gjekk samrøystes inn for å tilsette Dahl i møtet onsdag.

- Eg er sikker på at Kristine Dahl vil verte ein solid og god rådmann for Selje. Vi valde ho ut i frå hennar kompetanse og erfaring frå kommunal verksemd, ikkje minst hennar leiarerfaring i offentleg og kommunal forvaltning, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal i pressemeldinga.

Dahl er 36 år og, utdanna jurist. Ho har tidlegare erfaring som plan og utviklingssjef i Eid kommune, sensor og førelesar ved Universitetet i Bergen og rådgjevar hos Fylkesmannen i Hordaland og Bergen kommune.

Selje kommune lyste ut stillinga som rådmann etter at noverande rådmann Ørnulf Lillestøl sa opp stillinga si i november