Fire mykje brukte vegar på Sunnmøre bør få ei kraftig opprusting, anbefalte samferdselssjefen i fylket.

Av totalt 11 foreslåtte vegar er desse fire på Sunnmøre:

  • Fv. 60 Fjørstad-Overvoll. Stranda. 2,8 km.

  • Fv. 63 Myklebust-Holbrua. Norddal. 2,7 km.

  • Fv. 655 Norangsdalen. Ørsta-Stranda. 5,8 km.

  • Fv. 147 Vatne-Fiksdal. Haram/Vestnes. 11,2 km.

Desse vegane skal prioriterast

– Samferdselsutvalet vedtek følgjande planlagte strekningar for forsterking i 2018, heiter det i protokollen:

Fv. 60 Fjørstad-Overvoll. Stranda: 4,1 millionar (totalkostnad) / 2,6 millionar (prosjektkostnad).

Fv60 Fjørstad – Overvoll i Stranda kommune – 2780 m. Her skal grøftene, vegkantane og bankettar verte reinska og utbedra. Stikkrenner og noko rekkverk skal skiftast. Det vert planlagt skogfelling, slik at sikten blir betre. Bæreevna vert forsterka ved å nytte asfalt, ifølgje framlegget.

Fv. 63 Myklebust - Holbrua. Norddal: 3,6 millionar (totalkostand) / 3,1 millionar (prosjektkostnad).

Fv. 655. Tryggestad - Fivelstad. Stranda: 8,4 millionar (totalkostnad) / 7,9 millionar (prosjektkostnad).

Fv. 655 Tryggestad – Fivelstad i Stranda kommune – 5850 m. Her skal grøftene, vegkantane og bankettar reinskast og utbetrast. Ferister oppjusterast. Stikkrenner og noko rekkverk skal skiftast. Bæreevna vert forsterka ved å nytte asfalt, ifølgje framlegget.

Fv. 147 Vatne - Fiksdal. Haram/Vestnes: 13,8 millionar (totalkostnad) / 12,3 millionar (prosjektkostnad).

Fv. 147 Vatne – Fiksdal i Haram og Vestnes kommune – 11278 m. Vegkanten reinskast og grøftene utbetrast, nokre stikkrenner skiftast. Det skal fellast ein god del skog, slik at sikta blir betre. Det skal etablerast fire nye møteplassar og om lag 5 km veg breiddeutviding noko for å oppnå ei noko gjevnare vegbredde. I tillegg utførast ein del masseutskifting og fjerning av store stein i vegkroppen. Det settast opp ein del nytt rekkverk. Bæreevna vert forsterka ved å nytte asfalt, ifølgje framlegget.

Oversikt over alle dei 11 vegane finn du her.