Vil rive signalbygg i Hornindal

Rådmannen vil gi plass til ny og meir funksjonell skulebygning.

RUNDINGAR: Hornindal skule er eit signalbygg med to rundingar.  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Dei to runde bygningane ved Hornindal skule bør rivast, for å gi plass til ny og meir funksjonell skulebygning, meiner rådmannen i Hornindal.

Skulen blei bygd tidleg på 1970-talet, med blant anna to karakteristiske runde bygningar.

Fylkeskommunen har omtalt skulen som eit signalbygg som er verd å ta vare på.

Rådmannen i Hornindal ser også at skulen representerer ein spesiell og spennande byggestil, men meiner dette ikkje er nok til å forsvare at bygningane blir tekne vare på.

Det blir vist til dagens krav til funksjonalitet, samt til asbestinnhald og manglande ventilasjon. Rådmannen tilrår at det blir gitt rivingsløyve. Rivinga må vere gjennomført til skulestart 2019. Den største rundingen må rivast først, slik at det kan vere undervisning i den minste.