– Ein kan ikkje ha særreglar for ein eller to fjordar. Dei same utsleppskrava må gjelde for alle vestlandsfjordane. Då får vi cruiseselskapa til å investere, seier reiselivssjef i NHO reiseliv, Kristin Krohn Devold.

I ein paneldebatt under Grøn Fjord-konferansen hamra ho laus mot regjeringa sitt arbeid om å innføre eigne regelverk for å redusere miljøutslepp i verdsarvfjordane.

–  Farleg symbolpolitikk

Krohn Devold kalla dette for symbolpolitikk.

–  Symbolpolitikken kan drepe realpolitikken. Å vedta miljøkrav i to fjordarmar medan andre slepp unna vil berre straffe dei som bur i den bygda. Då skal ein ikkje vente mange månader før krava kjem for heile Vestlandet, sa reiselivssjefen under debatten.

Krohn Devold får støtte frå Rita Berstad Maraak, havnesjef i Stranda kommune.

– Reglane må gjelde alle. Cruiseselskapa står klare dei, og vil følgje regelverket. Men ein kan ikkje gi eigne reglar for ein fjord, medan nabokommunane slepp unna, seier havnesjefen.

– Fjordane skal sjølvsagt vere eit utstillingsvindu for norsk natur. Men her bur også folk. Det må ein hugse.

Ordførar: – Verdsarvfjorden er spesiell

Ordførar Arne Sandnes i Norddal kommune argumenterte på si side med at verdsarvfjorden er veldig spesiell.

– Vi har forplikta oss internasjonalt for at vi har eit spesielt ansvar for verdsarvfjordane. Eg trur cruisereiarlaga vil stå i kø trass strenge krav. Det kan bli ein dupp med det same, men vårt ansvar er å ta vare på miljøet primært, seier Sandnes, som også tala for at ein må få strengare reguleringar.

Paneldebatt Paneldebatt om miljøkrav for Geirangerfjorden under Grøn Fjord-konferansen. Konferansen startar om bord i hybrid-sightseeinbåten "Vision of the Fjords". Foto: Sofie Svanes Flem

Statssekretær: kommer for alle

Statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet slo derimot fast at det vil kome eigne miljøkrav for verdsarvfjordane - i alle fall i første omgong.

– Verken Geirangerfjorden eller Nærøyfjorden kan vi kalle symbolpolitikk. Dette er våre største utstillingsvindu, våre viktigaste miljøfyrtårn. Det er viktig på løyse utfordringane i verdsarvfjordane først. Så får dei andre komme etter, sa Hamar.

– Næringa klar til å bygge

Arnfinn Ingjerd, leiar for Maritimt Forum Nordvest, tala også for at reguleringane bør gjelde alle fjordane. Han etterlyste politisk mot.

– Utfordringane vi har kan løysast med politisk mot. Næringa sitt klar og ventar på å ta i bruk den nye teknologien. Næringa er klar til å bygge, men vi treng klare politiske vedtak, sa Ingjerd.