Det seier Kristin Krohn Devold. Reiselivssjefen i NHO åtvarar mot å innføre eigne miljøkrav i Geiranger og Nærøyfjorden.

– Dei same utsleppskrava må gjelde for alle vestlandsfjordane. Då får vi cruiseselskapa til å investere, meiner ho.

Regulering og miljøkrav til skipstrafikken i Geirangerfjorden står på dagsorden når over 160 personar i går og i dag er samla i Geiranger under Grøn Fjordkonferansen.

I ein paneldebatt i går hamra Krohn Devold laus mot regjeringa sitt arbeid om å innføre eigne regelverk for å redusere miljøutslepp i verdsarvfjordane. Ho kalla dette for symbolpolitikk.

– Å vedta miljøpolitikk for to fjordarmar medan andre slepp unna vil berre straffe dei som bur der. Då bør ein ikkje vente lenge før ein set same krav for heile Vestlandet, seier ho.

– Cruiseselskapa står klare

Krohn Devold fortel at ho får mange telefonar frå store cruiseselskap som spør om det kjem miljøkrav i norske fjordar.

– For då vil dei gjerne investere i ny teknologi og skaffe seg konkurransefortrinn. Men dei vil ikkje gjere dyre investeringar for to små fjordar. Då kan dei berre dra til andre fjordar, seier reiselivssjefen.

Og får støtte frå Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda kommune.

– Reglane må gjelde alle. Cruiseselskapa står klare dei, og vil følgje regelverket. Men ein kan ikkje gi eigne reglar for ein fjord, medan nabokommunane slepp unna, seier hamnesjefen.

Utstillingsvindauge

Statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet slo derimot fast at det vil kome miljøkrav for verdsarvfjordane – men sa at regjeringa også jobbar med miljøkrav for heile kysten.

– Verken Geirangerfjorden eller Nærøyfjorden kan vi kalle symbolpolitikk. Dette er våre største utstillingsvindauge for verda og våre viktigaste miljøfyrtårn. Det er viktig å løyse utfordringane i verdsarvfjordane først. Så får dei andre komme etter, seier Hamar.

Sjøfartsdirektoratet er, på oppdrag frå departementet, for tida i full gong med å lage eit regelverk for verdsarvfjordane.

På konferansen i går blei fleire av tiltaka dei vurderer presentert. Mellom anna vurderer ein å stille krav til maksfart og til reinseteknologi på cruiseskipa.

– Spesielt ansvar

Ordførar Arne Sandnes i Norddal argumenterte med at verdsarvfjorden er veldig spesiell.

– Vi har forplikta oss internasjonalt til at vi har eit spesielt ansvar for verdsarvfjordane. Eg trur cruisereiarlaga vil stå i kø trass strenge krav. Vi må ha reguleringar, og vi må tillate prøving og feiling, seier Sandnes.

– Skal miljøkrava få verkeleg stor effekt, bør dei gjelde meir enn to fjordar, seier ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad. Som samstundes er positiv til at Geiranger kan gå framfor.

– Verdsarvstiftinga har gått framfor i dette arbeidet, og det er viktig at vi også i framtida er miljøfyrtårn.

– Næringa klar til å bygge

Arnfinn Ingjerd, leiar for Maritimt Forum Nordvest, tala også for at reguleringane bør gjelde alle fjordane. Han etterlyste politisk mot.

– Den maritime næringa sitt klar og ventar på å ta i bruk den nye teknologien. No treng vi klare politiske vedtak.