Bakgrunnen for hjelpetiltaket er gamle historier om overgrep som på ny har dukka opp i lokalmiljøet i Sula, og som Sulaposten skreiv om i går.

Saka handlar om ein tidlegare tilsett ved ein skule i Sula, som over fleire tiår skal ha utsett elevar for både valdelege og seksuelle overgrep. Dette skal ha skjedd gjennom ein lang periode frå 1920-talet til utpå 1960-talet.

– Det er gamle saker som no kjem fram, men vi tek sakene på største alvor, understrekar Jim-Arve Røssevoll, ordførar i Sula kommune.

Eksperthjelp

Sist veke hadde heile kommuneleiinga i Sula ei samling med psykologar og spesialistar tilknytt RVTS, Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging, fortel ordføraren:

– I første omgang ønskjer vi i Sula kommune å opprette ein telefonteneste, slik at alle som vil fortelje si historie kan ringe og få snakke med ein fagperson i fortrulegheit.

– Denne kontakttelefonen skal vere på plass i løpet av det neste døgnet, og nummeret til tenesten blir lagt ut på kommunen si heimeside. Den som ringer skal vere sikker på å møte ein person i den andre enden som har tid til å lytte, der og då.

Dei som skal ha ansvar for støttetelefonen vil i første omgang bli henta frå kommunen sitt eige helse- og omsorgsteam.

– Vi veit ikkje kva behovet vil vere, eller kor mange som kan kome til å ta kontakt. Blir det mange saker, får vi ruste opp etter kvart, og eventuelt hente kompetanse utanfor kommunen. Det er heller ikkje sikkert at det blir eit rush av saker med ein gong. Folk kan trenge tid, eit halvt år eller enda meir, før dei er klare til å fortelje. I kommunen og støtteapparatet må vi vere klare når telefonen kjem, seier Røssevoll.

– I tillegg kan gamle overgrepssaker trigge heilt andre, men liknande historier, fram i lyset. Det kan vere snakk om overgrep som har skjedd i nyare tid, og som ikkje har noko med dei gamle sakene å gjere. Vi må vere klare til å ta imot dei historiene også.

Ingen er dømt

– Skuldingane om overgrep er mot ein person som ikkje lenger lever, og som ikkje kan forsvare seg. Han blei aldri tiltalt og dømt mens han levde. Går du som ordførar god for at historiene om overgrep er sanne?

– Det er ingen grunn til å mistru dei varsla som har kome. Kjeldene skal vere mange og uavhengige. I tillegg har historier om overgrep og bruk av vald knytt til denne personen det er snakk om, ulma i lokalmiljøet gjennom mange tiår.

– Eg fekk sjølv høyre historier om kva denne personen skal ha gjort mot elevar i gamle dagar, då eg voks opp på 70- og 80-talet. Det var snakk om grov vald. Seksuelle overgrep var det ingen som snakka om då. I seinare år med sosiale medier har dei gamle historiene dukka opp på nytt. No er det viktig å ikkje dysse ned, men få fakta på bordet, så langt det er mogeleg.

– For utan å kunne dømme, må vi likevel kunne erkjenne at overgrep sannsynlegvis har skjedd, og at mange kan ha bore på vonde hemmelegheiter i mange tiår. Ved å få dei gamle sakene fram i lyset, og ved å anerkjenne at dette har skjedd, kan vi få til ei form for avslutning. Vel vitande om at dei det gjeld aldri vil kunne gløyme, seier Røssevoll.

Han viser til at ein varslar i eit brev til Sulaposten har oppfordra ordføraren om å beklage overgrepa på vegner av lokalsamfunnet. Det vil han gjerne kome tilbake til. Først vil han at fleire skal få fortelje:

– Å ta historiene på alvor er å anerkjenne at dette har skjedd. Like viktig er det å ta denne saka med vidare: Kva skal vi gjere for å hindre og avdekke overgrep framover?