(morenytt.no) Dagleg leiar i Profunda, Helge Ressem, viser rundt på stamfiskanlegget i Barstadvik. 2.700 nye kvadratmeter med bygg er i ferd med å ta form, og i mai vil alt vere klart til bruk.

Havets Farris

Anlegget er unikt, og er det einaste i Noreg av sitt slag. Seks brønnar hentar grunnvatn frå 45-50 meters djupne. «Havets Farris», kallar Ressem det. Vatnet er filtrert gjennom grusavsettingar frå istida. Reinare vert det ikkje.

– Det er same prinsippet som for kjeldevatn som vert brukt til drikkevatn. Det unike er at dette er saltvatn. Difor er det også slik at verksemda må ligge her, i Barstadvik. Det er ikkje mogleg å flytte produksjonen andre stader. Dette er naturen sin eigen reinsemetode. Det er gull verdt for Vartdalsstranda.

Påverkar livssyklusen

Lokale entreprenørar: Arnstein Opsal og Steinar Arne Masdal frå Arnco AS i samtale med Helge Ressem. Arnco har vorte hyra inn på dei fleste små og store oppdrag hos Profunda.

Profunda vart starta opp i 1998 av Else Marie og Helge Ressem og to andre. Fleire fiskeartar har vore innom anlegget, men no er det laksen som regjerer. Det har han gjort sidan 2010. I tankar på land lever fisken. Når han er gyteklar vert han frakta til andre oppdrettsanlegg der det er tilgang på ferskvatn. Så får smoltanlegga rogn og smolt og ny produksjon av laks til middagsbordet.

Men bransjen er i stadig utvikling. Laksen gyter naturleg berre ein gong i året. Det gjer at det tidvis er stillare tider for oppdrettsanlegga. Det har Profunda gjort noko med. Med hjelp av lys- og temperaturregulering kan dei styre livssyklusen til laksen, og frå å levere 20 millionar rogn i året, aukar dei no gradvis til opp mot 150 millionar. Frå å vere sesongbasert kan dei no levere heile året. Eit pilotprosjekt som gir ringverknader.

500 millionar

AquaGen kjøpte Produnda i mars i fjor. Dei har stor tru på gründerverksemda i sjøkanten i Barstadvik. 85 millionar kroner kostar nybygget, som skal gi rom for meir laks. Men det sluttar ikkje der. Dette er første byggesteg. Planane er langt større. Området Profunda ligg i har rom for meir. Realiserer dei andre og tredje byggesteg vil det seie ei investering på opp mot 500 millionar kroner i bedrifta, og kanskje 40 nye arbeidsplassar.

– Kven skulle trudd dette, frå den spede starten, der vi starta i ei nedlagt grushole, seier Ressem.

Første byggesteg handlar om å få på plass saltvassfasen og få laksen til å gyte når Produnda vil. Her er mykje av arbeidet automatisert, og behovet for arbeidskraft er ikkje så stort. Dei ti tilsette vil gjere jobben sjølve. Men når andre byggesteg vert realisert, med eigen rognproduksjon, vil det bety nye arbeidsplassar. Verda vert stor når Profunda no satsar. Eksportmarknaden har meldt si interesse. Og fleire ønskjer også å kome for å drive med forsøk og ulike former for forsking.

Frisk fisk

– Frisk fisk, det er vårt mål og vår merkevare. Det reine grunnvatnet gjer at fisken ikkje vert smitta frå sjøen. Denne typen rogn vil marknaden ha. Grunnvatnet er nøkkelen. Vanleg produksjon i sjøen tilfredsstiller ikkje krava på same måte som vår produksjon gjer, og dermed vert vi attraktive for både innanlandsmarknaden, som jo er den største, men også for eksportmarknaden. Levering av sjukdomsfri rogn heile året, det er vår suksessformel.

Smolten dei hentar inn til anlegget har karantene for å sjekke at han er frisk, som han gjerne alltid er når han kjem direkte frå ferskvatn. Men når dei får gjennomført andre byggesteg, ser Profunda og AquaGen føre seg at dei kan ha heile livssyklusen til laksen inne i sitt eige anlegg. Sikkert og trygt utan påverknad utanfrå. Og opp mot 40 nye tilsette.

– Det er vårt langsiktige mål. Teikningane er allereie klare. Men det vil nok ta enno litt tid før det er realisert. Men med stor etterspurnad i marknaden, og ein eigar som vil satse, så ligg alt til rette for at dette skal bli ein realitet innan ti år.

Saka vart først publisert i morenytt.no