Vil regulere ferjer og mindre fartøy

Nullutslepp: Sightseeingbåten «Vision of the fjords» frakta i går folk inn i Geiranger på rein elektrisk batteridrift. Bør ein i framtida stille krav om låg- eller nullutsleppsteknologi i Geiranger? 

Nyheter

Ferjer, hurtigbåtar og mindre fartøy står for mellom 20 og 32 prosent av utsleppa i Geirangerfjorden. På oppdrag for Stranda kommune har DNV-GL laga ein rapport som ser på korleis ein kan få ned desse utsleppa.