Saka gjeld russaren Oleg Deripaska, milliardær som i dag skal vere nummer 41. på lista over dei rikaste i Russland. Med luksusyachten «Elden» har han tidlegare fortøydd ved Brunholmen på hamna i Ålesund, mellom anna tidleg i august 2016.

Då prøvde Sunnmørsposten å få mannskapet i tale om kva båt dette var, og kva oppdrag han var ute i. Men avisa vart avvist av eit mannskap som avgjort ikkje var snakkesalige. Det er vanleg at båtar i denne klassen vekkjer oppsikt der dei kjem, og også vekkjer nyfikna til folk – ettersom det berre er styrtrike menneskje som plar cruise rundt i slike.

Aftenposten har på side følgd tett i kjølvatnet til den russiske oligarken Deripaska. Avisa meiner å kunne dokumentere at skipet har veksla på å bruke hamner i Molde og Ålesund som utgangspunkt for nokså spesielle fisketurar. Dei skriv mellom anna dette om sentrale aktørar på luksusbåtturane som fann stad i Romsdal og på Sunnmøre først i august 2016:

«Deripaska, som står sentralt i Trump-etterforskningen til FBI, hadde i årevis Trumps polititiltalte valgkampleder Paul Manafort på lønningslisten. Den andre gjesten skal ha vært Russlands visestatsminister Sergej Prikhodko, Putins mektigste utenrikspolitiske rådgiver. Han har vært en grå eminense i Russlands utenrikspolitikk siden før Putin kom til makten».

Det skal vere fleire såkalla eskortepiker om bord som har lagt ut bilde i sosiale media, noko som gjer at mennene med makt på internasjonalt nivå, er linka til såkalla fisketurar på Sunnmøre.

Ifølgje Aftenposten sine kjelder, skal aktørane som har lagt sin maritime elsk på Mørekysten, ha hatt svært sentrale roller før den amerikanske valkampen. Mellom anna videoar frå eskortejentene skal vise dette.