Ein bil stod i brann på Varleite i Ulstein måndag morgon.

– Vi har nettopp kome fram til staden. Det vi har fått opplyst er at det er brann i ein bil, og at denne bilen skal stå på ei busslomme ved vegen, seier Finn Harald Saltskår, oppdragsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, til Sunnmørsposten klokka 06.47.

Bilen skal ifølge politiet stå ved ei busslomme på Varleite ved fylkesveg 61.

– Slik vi har forstått det skal ein person ha kome seg ut av bilen. Han skal vere uskadd, legg han til.

Bilen skal ikkje vere til hinder for anna trafikk, ifølge politiet.

110-sentralen seier dei har kontroll på brannen.

– Den siste meldinga vi har fått er at det er kontroll på staden. Det er ingen dramatikk, seier operatør John Rune Lillebø ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Saka blir oppdatert