No skal bøndene Arne Inge Andreassen og Andreas Ringdal på Vikebukt i Vestnes bli produsentar av verdas dyraste biff.

– Vi har ikkje lov til å kalle det Kobe-biff. For det er eit beskytta namn. Men det er iallfall wagyu, dyr med dei same genane, seier Arne Inge Andreassen (64) – og tek oss med på ein rundtur i det nye fjøset på garden Stykket.

Dyra er komne i hus, seks-sju millionar kroner er brukt på det 900 kvadratmeter store bygget. I slutten av denne månaden er handverkarane ferdige med siste finpussen.

– Då har vi tenkt å invitere den japanske ambassaden til opninga, seier bonden.

Likner en religiøs opplevelse: Kjendis-kokk om wagyu-biff

Fleire tusen for kiloet

Biffen frå wagyu-dyr blir seld for store summar i delikatesseforretningar og på restaurantar. Det er snakk om fleire tusen kroner kiloet.

– Wagyu-kjøtet skil seg ut frå vanleg norsk kjøt ved den tydelege marmoreringa i kjøtet som gjer det ekstra mørt, forklarer Andreassen.

– Har du sjølv smakt det?

– Berre så vidt, på ein restaurant i USA. Det var sonen vår, Johan, som bur i USA, som forresten sette oss på ideen. Han hadde smakt dette kjøtet, og var heilt oppe i skyene. Johan var overbevist om at vi burde satse på wagyu på Vikebukt.

Wagyu er japansk, og betyr rett og slett «japansk ku». I dag finn ein wagyu-dyr i fleire land i verda, ikkje berre i Japan.

Men dei har alle sitt opphav frå dyr eksportert frå Japan på 1960-talet.

I dag er det vanskeleg å eksportere dyr til Norge. Derimot er det lov å hente sæd og befrukta egg – såkalla embryo.

På Vikebukt valde dei det siste, befrukta egg importert frå Danmark.

Så hausten 2016 kom det ein veterinærekspert frå Stavanger, ens ærend for å føre befrukta egg inn i 14 utvalde NRF-kyr på Vikebukt som skulle vere surrogatmødre.

KYR: Fjøset i Vestnes er allereie fullt av dyr. Førebels er det berre 11 wagyu her. Men det skal bli mange fleire.

– Litt under halvparten av dei, seks kyr, fekk kvar sin kalv. Seinare har vi fått fem til. Så no har vi 11 wagyu. Og til hausten ventar vi åtte kalvar til.

Fjøsen er allereie full av dyr til kjøtproduksjon, men på sikt er det meininga at wagyu skal stå for ein stor del av biffproduksjonen.

Andreassen og Ringdal eig dyra i lag gjennom selskapet Villa Samdrift, medan Andreassen eig fjøset åleine – og leiger dette ut til samdriftselskapet.

Fleire er interesserte

– Kvar skal de selje kjøtet?

– Det er fleire som har meldt si interesse, både her og i Oslo. Etter det eg veit er vi dei einaste wagyu-bøndene på Nordvestlandet. Men førebels har vi ikkje inngått nokon avtale, fordi vi ikkje har noko å selje enno.

Det er blitt hevda at Kobe-biffen smakar så godt fordi dyra er behandla med musikk, massasje – og har fått øl i kosten.

Arne Inge Andreassen er i dialog med ein ølbryggar. Han skal også setje opp høgtalarar i fjøset slik at dyra får musikk.

– Eg klappar og koser og gjev dei litt massasje, også. Det er nemleg bra for blodomløpet.

Når vi går inn i fjøset, er det berre wagyu-dyra som kjem bort for å helse på.

– Dei er rolege, tillitsfulle og glade i folk. Vi har også gjeve kvar og ein av dei namn, så her står både Samurai, Mitsubishi og Kawasaki, ler Andreassen.

Ja, det er blitt eit så godt forhold mellom dyr og menneske at bonden gruar seg litt til dyra skal slaktast.

Ein motivasjon er sjølvsagt pengane kjøtet kan gje dei. Fjøset skal trass alt betalast.

– I fjor veit eg at eitt kilo kjøt frå wagyu gjekk for 3.500 kroner i Mathallen i Oslo. Vi reknar med 150–200 kilo reint kjøt frå kvart av dyra vi slaktar.

Ein av årsakene til at dette er dyrare kjøt enn vanleg er at dei står eitt år lenger i fjøset før dei blir slakta. Det betyr eitt år meir på ein diett av gras og proteinrikt kraftfôr. Og musikk.

Arne Inge Andreassen er bonde på garden Stykket i Vestnes. Foto: Terje Engås
Arne Inge Andreassen har satsa seks-sju millionar kroner på nytt fjøs på garden Stykket. Foto: Terje Engås