Reiarlaga Boreal, Torghatten Sjø, Norled og Fjord1 har levert anbod om å drive ferjene på E39 Festøya-Solavågen og Volda-Folkestad, ifølgje ei melding frå Statens vegvesen.

Mellom Festøya og Solavågen skal det vere avgang kvar 20. minutt med to elektriske ferjer og ei hybridferje. På Volda-Folkestad skal ei elektrisk ferje gå kvar 40 minutt. Kontraktane startar opp i 2020 og varer i ti år.

Vegvesenet skal no gå gjennom saka og planlegg å skrive kontrakt i april. Prisen skal telje 70 prosent og miljøomsyn 30 prosent. Kva slags pris reiarlaga har lagt seg på, blir ikkje offentleg før valet er tatt.