Skal grundig granskast

– Det spesielle er jo at ulukkene oppstår så å seie samtidig, med berre 20 minuttars mellomrom, og at begge endar opp med fatal utgang.

– Alle slike ulukker skal grundig granskast, og første og viktigaste innhentinga av tekniske fakta og forhold skjer umiddelbart på ulukkesstaden. Dette prioriterer vi svært høgt, opplyser Larsen. Han fortel vidare at Statens vegvesen berre hadde to kvalifiserte ulukkesgranskarar tilgjengelege då ulukkesalarmen gjekk.

– Desse sende vi til Sulesund, og dei hadde fullt opp å gjere der. Såleis hadde vi ikkje nokon å sende til ulukka ved Eiksundbrua.

– Vi prøvde å rekvirere sakkunnige frå Eid, men der var ingen tilgjengeleg. Dei næraste var då i Kristiansund. Med over fire timar køyretid var dette uaktuelt, seier Larsen.

Politiet avgjer opning

Han seier han skjønar godt at folk som vert sitjande såpass lenge som opptil seks timar i kø, gjerne vil ha gode svar på kva som skjer. Nokre av dei ser også at det faktisk kan vere fysisk muleg å sleppe bilar forbi.

– Til det er å seie at det er politiet som til sjuande og sist avgjer når ein veg skal opnast att etter ei ulukke. Sjølvsagt i samråd med granskarane, for dette er alltid lagarbeid.

– Men det er eit faktum at det ofte kan vere eit møysommeleg arbeid å gjere gode nok granskingar og oppmålingar på ein hektisk ulykkesstad.

Ekstremt glatt

Det var heller ikkje lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta, men han hadde etterforskingsleiar og ein av to patruljar på staden. Heller ikkje han kan gjennom sitt lange virke i politiet hugse to dødsulykker nesten samstundes.

Lensmann: Guttorm Hagen i Ørsta og Volda.

– Meldingane frå åstadane går ut på at det var ikkje berre glatt, men ekstremt glatt på ulukkestidspunktet og etterpå.

– Eg synest ikkje det er så rart at det går tid når slike ulukker skal granskast. Det vert jo teke på største alvor.

– Ettersom det ikkje kunne kome ulukkesgranskarar frå vegvesenet til Eiksundbrua, så sette vi fleire av våre eigen kriminalteknikarar på saka, fortel Hagen. Teknikarane skal gjennomføre friksjonsprøver mot underlaget, og dei skal hente inn spor over eit større område. Hagen vil ikkje ta stilling til om det gjekk uforholdsmessig lang tid før trafikken igjen kunne passere, seks timar.

– Også dette vart jo heilt spesielt – Ulukkene skjedde då ettermiddagstrafikken toppa seg. Grunna snøvêr var det ikkje flygeforhold for luftambulansen, og dermed måtte ambulansebilane fysisk stå på staden.

– Arbeidet på ulukkestadane blokkerte som vi veit kvar sin del av hovudsambanda til og frå søre Sunnmøre nordover.

– Med berre eitt samband blokkert, slik vi har opplevd nokre få gonger, ville vi likevel kunne fått avvikla trafikken. Det var ikkje muleg i eit tilfelle som dette, konstaterer Hagen.

Info via radio

Kollega Hans Eirik Pettersen, lensmann i Hareid og Ulstein, seier til Vikebladet/Vestposten at politiet var raskt på staden. Han seier det diverre vart mykje venting for mange.

– Vi gjekk i alle fall ut med informasjon på vanleg måte gjennom operasjonssentralen, seier Pettersen. Han legg til at det ikkje er noko å gjere når ein slik situasjon oppstår. Då vil trafikken nødvendigvis verte lamma – den tida det tek å handtere ulukka.

Frå ulukkesstaden ved Eiksundbrua. Foto: SMP-tipser