Oppdatering 09.00: Vegen er open for trafikk etter ulykka, melder vegtrafikksentralen.

Naudetatane rykka tidleg tysdag ut til ulukka, meldte Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Tre bilar med ein person i kvar, var innblanda i ulukka nokre hundre meter vest for ferjekaia.

– Kva veit politiet så langt om det som har skjedd?

– Det er glatt på staden og tre bilar er involvert. Det er vanskelig å seie no kven som har skulda, eller kva som har skjedd. Vi har ikkje fått oversikt enno, fortel innsatsleiar Tor Inge Remme i politiet til Sunnmørsposten.

Ein brakt til sjukehus

Skadane til personane som var involvert i ulukka, skal vere mindre alvorlege - men ein person blei brakt til sjukehuset i Volda.

– Ein person hadde vondt i ei hand og litt i magen, så han blei brakt til sjukehuset for kontroll. Dei to andre personane blei køyrt til legevakt, seier Remme ved 8.20-tida.

Då blei det framleis dirigert via ein lokalveg gjennom Hareid sentrum. Det var noko kø på staden.

– Forsøkt å svinge til side

Politiet opplyser tysdag ettermiddag at det ikkje er teke beslag i førerkorta til nokre av dei involverte.

– Ein bil har bremsa for unngå å treffe ein bil, svinga til side og kome over i motsett køyrefelt. Der har han treft ein tredje bil. Det er glatt veg på staden, fortel  operasjonsleiar Erik Steen Mikalsen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Det har vore svært glatt på mange veger i distriktet tidleg tysdag.

Ulykka skjedde altså mellom Hareid og Hjørungavåg, slik at trafikken til ferjekaia på Hareid gjekk som normalt. Trafikken blei dirigert om en lokal veg til vegen var rydda.