Frå Regionavisa til Herøy kommune

Lillian Haddal er tilsett som informasjonskonsulent/servicevert i Herøy kommune.
Nyheter

Haddal skal vere vikar for Iselin Nevstad Øvrelid, som skal ut i foreldrepermisjon, melder Herøy kommune på sine heimesider.

37-åringen har allereie starta i stillinga og skal overlappe til Øvrelid går ut i permisjon. Haddal er utdanna som journalist ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen og har lang arbeidserfaring innan serviceyrket og administrativt arbeid. Ho har dei siste fem åra jobba for Regionavisa, som gjekk konkurs før årsskiftet.