OL-gullet inspirerer unge skiskyttarar i Stryn til å satse vidare

Jubla for Johannes

– Dette inspirerer! Det er elevane ved landslinja i skiskyting i Stryn heilt klare på, etter Johannes Thingnes Bø sitt historisk OL-gull.

Inspirert: Det var jubel for OL-gull ved landslinja for skiskyting i Stryn torsdag. OL-gullet inspirerer elevane til vidare satsing. Frå venstre lærar Anders Vonheim, Sivert Skaug frå Tretten, Martin Aaland frå Hopland, Magnus Midthjell Gjørven frå Stryn, Magnus Seljeset frå Hornindal, Torjus Engeset Woldsund frå Volda og Eilev Aa Klokk frå Lillehammer.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Då Johannes var 16 år skulle han bli best og gjekk 100 prosent inn for det

Anders Vonheim
Nyheter

– Johannes har gått same løpet som desse elevane, og no ser dei at det er mogleg å nå til topps, smiler Anders Vonheim, lærar for skiskyttarelevane på landslinja ved Stryn vidaregåande skule.