Tomta ligg på fjellplatået Kjerringa, også kjend som Vestkapp, med spektakulær utsikt rett mot havet.

Rasert av orkan

– Dette er nabotomta til den tidlegare serveringsstaden på Vestkapp, fortel ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF) til Sunnmørsposten.

– Den fekk hard medfart under orkanen Dagmar i 2011 der deler av bygget blei rasert. Det som står igjen der betongbygninga. Denne eigedomen er seld til private.

No sel altså Selje kommune 5.560 kvadratmeter til 210.000 kroner. Tomta ligg i eit område som er regulert til overnatting og servering.

– Kravet vårt er at det ikkje skal privatiserast. Det vil seie at området skal vere tilgjengeleg for allmenn ferdsel. Kjøparar kan naturlegvis vere private, seier Osdal.

Vil ikkje vere eigedomsspekulantar

– Dette må vere den billegaste tomta i Norge?

– Vi kjøpte den for 201.000 kronar av Meteorologisk institutt. Vi har ikkje hatt kostnader med tomta og vil ikkje vere spekulantar men legge til rette for drift, seier Osdal.

Av annonsen går det fram at det ikkje er offentleg vatn og kloakk i området. Vidare at tilkomst skjer frå FV 633 via ein 3,2 kilometer lang kommunal veg som er vinterstengt.

Skal bli heilårsveg

– Førebels er vegen vinterstengt. Vi ser klart at vegen ikkje har den beste standarden og vil vere i nær dialog med kjøpar om transport og logistikk.

– Kan kjøpar rekne med at dette blir heilårsveg?

– Ja det er eit uttalt mål frå oss. Det gjennomsyrer planlegginga vår at dette skal bli heilårsveg der kommunen står for brøytinga.

Potensial for vinterturisme

Vi ser føre oss at her ligg eit stort potensial for vinterturisme i regionen. Aktivitet på Vestkapp krev heilårsalternativ.

– Det blir spennande å sjå kva som kjem?

– Veldig spennande! Her er enorme mogelegheiter. Selje kommune vil ikkje vere smålåtne og ønskjer å gjere Vestkapp til nasjonal reiselivsdestinasjon, seier Osdal.

Vestkapp ligg på toppen, ut mot havet. Foto: Knut Arne Årset.