Laurdag blir det første av skipa som Hurtigruten byggjer ved Kleven, sjøsett frå verftet. Etter planen skal skipet skli ut i vatnet ved 12-tida.

Skipet vil få selskap av den nordgåande hurtigruta, MS Lofoten, som vil ligge i vika utanfor Kleven-verftet i Ulstein. Dermed blir det eit møte mellom selskapet sitt eldste og nyaste skip.

Seansen vil vere «lågmælt» i den forstand at det ikkje er lagt opp til noko formelt program. Pressa er invitert inn på verftet, men får ikkje sleppe om bord i skipet laurdag.

Kan selge på berre straum

MS Roald Amundsen er ifølgje Hurtigruten det første i verda med hybriddrift, og kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege omtalar skipet som  «verdas råaste» i invitasjonen.

Rolls-Royce står for skipsdesignen i samarbeid med yatch-designeren Espen Øino. Om bord er høg standard og store lugarar.

Molde-selskapet NMI kapra storkontrakt på innreiing til ein verdi av fleire hundre millionar kroner på dei to systerskipa.

Eige forskingssenter og utstyr som undervassdroner høyrer også med, som skal gjere at gjestane kan utforske miljøet der dei segler. Kleven er allereie i gong med å bygge systerskipet, MS Fridtjof Nansen som skal sto klart i 2019.

Langs norskekysten først

Det 140 meter lange og knappe 24 meter breie fartøyet vil ha plass til 530 gjestar fordelt på 265 lugarar. Skipet skal stå klart neste vinter.

MS Roald Amundsen skal i første omgang segle langs norskekysten og mellom anna innom Førde, Ålesund, Geiranger og Molde.

Seinare skal den også til Antarktis, Svalbard, Alaska - og gjennom Nordvestpassasjen i fotspora til polaroppdagaren Amundsen.