Omsetninga gjekk ned i høve til året før, men no satsar dei på vidare vekst og lanserer nye modellar.

– Vi presenterer den nye konferansestolen «Fjell», designa av Lars Tornøe. Og vi kjem med sofaen «Kove», som designarane Morten & Jonas står bak.

Det fortel adm.dir. Ivar Sandnes i Fora Form. Han seier at dei har store forventingar til desse nye modellane, og at tilbakemeldingane er berre gode.

At omsetninga i fjor gjekk ned med seks millionar kroner var ikkje overraskande.

For 2016 var eit rekordår, med fleire store prosjekt innanfor kulturhus, auditorium og kino.

Får agentar i Tyskland

– Starten på dette året er betre enn på same tid i fjor. Og det skjer ein god del framover. Vi skriv i desse dagar kontrakt med to agentar i Tyskland, og vi skal i april opne eit permanent showroom i Stockholm saman med nokre andre bedrifter.

På heimebane har Fora Form nyleg tilsett Thomas Haram som nye produksjonssjef. Han kjem frå ei stilling i K. Nordang. Før det var han i Scana Volda.

Medan omsetninga vart redusert i fjor, så vart resultatet betre – frå åtte millionar i 2016 til 9,5 millionar i fjor.

Fora Form har svenske eigarar, Lammhults Design Group AB.

Her er Fora Form eitt av sju selskap. Lammhults samla omsetning i for var på 960 millionar kroner, med eit resultat på 48 millionar.

Sofa sel best

Bestseljaren til Ørsta-bedrifta er sofaen «Senso», designa av Anderssen & Voll. Den er å sjå i ulike fargar og variantar i bedrifter og offentlege rom Norge rundt – og i utlandet.

– Norge er vår viktigaste marknad. Eksporten er på 12 prosent – ikkje minst til Sverige, men vi er også i Japan. Og no satsar vi altså i tillegg på Tyskland, seier Sandnes.

Fora Form har totalt 56 tilsette. Ti av dei arbeider ved salskontora i Oslo og Bergen. Dei andre er å finne i Ørsta.

Med unntak av dei to sofamodellane «Senso» og «Kove», som blir produsert i Litauen, så blir alt til i lokala på Mosmarka.

– Vi skal framleis lage møblar i Ørsta. Det er vi stolte og kry av å gjere, slår Ivar Sandnes fast.