Dette seier Harald Yksnøy (55), mannen som fram til 2010 var den siste fastbuande på vakre Yksnøya, ytst i Voldsfjorden. Øya ligg berre fire-fem steinkast frå granneøya Eika i Ulstein kommune, og ho har sidan 1951 hatt straumforsyning gjennom sjøkabel via fastlandet på Eika. I førre veke var det slutt, då rauk den sekstisju år gamle kabelen. Nettselskapet Mørenett kom raskt på banen, og i eit brev til Volda kommune vart det meir enn antyda at selskapet gjer seg klar til å søkje NVE om leveringsfritak til øya. Selskapet har også vore frampå og tilbode abonnentane på øya eingongskonpensasjon på 10.000 kroner kvar, til å kunne ordne med alternativ straum.

– Eg manglar ord

Harald Yksnøy, som kjøpte seg hus på Nordre Vartdal og flytta dit for sju år sidan, er ikkje nådig i sin dom over Mørenett sitt pengetilbod.

– Det er eit direkte hån mot alle oss som har vakse opp på øya, som har investert her, som held alt ved like og som har lagt temmeleg mykje arbeid i å halde heile øya med hamn i hevd.

– Nyleg hadde vi elektrikar i eitt av gardshusa, det kom på over 30.000 kroner. Når Mørenett kjem opp med eit skambod på ti tusen kroner for å vere kvitt problemet ein gong for alle, så er det så lettvint og respektlaust at eg manglar ord, seier Yksnøy.

Tre personar melde flytting

Yksnøy har vore yrkesfiskar og han har jobba turnus i oljebransjen. No er han under omskulering grunna innskrenking i oljeutvinninga.

– Då eg skjønte kva veg det bar etter straumbrotet, så melde eg flytting heim til Yksnøya tvert. Alt står som før der ute.

– Eg har ikkje akkurat finstudert regelverket, men tanken min var at det kan då umuleg vere råd å berre kutte leveransen til fastbuande på ei øy, seier Yksnøy. Deretter vart det fort klart at også to andre personar har meldt flytting, Knut Ragnar Yksnøy på eitt bruk og Helene Flølo Yksnøy på eit anna. Dermed har tre personar meldt flytting til fråflytta Yksnøya i løpet av ei og same veke. Øya har god hamn, og no også tilgang til fin hamn i Eiksund.

Ei sjel – og ei skjorte

– Er tilbakeflyttinga å sjå på som ein aksjon for å tvinge Mørenett til å levere?

– Eg kan snakke berre for meg sjølv, og eg visste ikkje om dei to andre før etterpå.

– Eg vaks opp i ein nesten uforklarleg idyll her, i ei tid då her var fleire titals fastbuande. Tanken på at eg sjølv skulle bli den siste slo meg aldri, før eg hadde budd heilt å åleine der ute nokre år.

– No er eg ei sjel og ei skjorte, og eg kan like godt ha bustad på Yksnøya som på Vartdal. Eg er villig til å gjere nesten kva som helst for å sikre miljøet på Yksnøya. Om nokon vel å kalle dette for ein aksjon, så gjerne for meg, seier Harald Yksnøy. Han har fire søskjen, og storfamilien samlast ofte på heimgarden på øya gjennom året. Stor aktivitet og mykje bruk er det også på dei andre gardane. Yksnøya har i alt seks sjølvstendige bruksnummer. Folket har samla seg om å koste heilt ny veg på øya, og dei har på same måte samla seg om å bore etter stabilt brønnvatn, der pumpa krev straum. Her er også Høgskulen i Volda med, i tillegg til at dei har brukt øya i friluftsundervisning i nær 40 år. No er ei tiårskontrakt akkurat ute, og Høgskulen har varsla at dei legg seg på vêret før dei eventuelt inngår ny kontrakt. Tilgang på vatn og straum er kjernepunkt.

Katastrofe

Harald Yksnøy meiner det vil vere ein katastrofe dersom Høgskulen bakkar ut.

– Då forsvinn automatisk ein god del av det pulserande miljøet og aktiviteten her ute.

– Sjølv hadde eg uansett planar om å flytte ut att, men ikkje akkurat no. Eg ønskjer å ha nokre utegangarsauer og eg ønskjer å ta vare på kulturlandskapet der ute, seier han.

Adm.dir. Rune Kiperberg i Mørenett seier dei har forhalde seg til at øya ikkje har fastbuande. – Dersom der faktisk er det, så vil det telje med i våre samfunnsøkonomiske vurderingar i saka vidare, seier han.