Politikarane i Volda og Ørsta prøver å lande sitt største samarbeidsprosjekt

Kamp om tunnel-bom

Onsdag møtest dei politiske spydspissane i Ørsta og Volda – for å bestemme kvar skåpet skal stå.

Grensegang: Akkurat her går kommunegrensa mellom Volda og Ørsta i Furene. Ein vegbom kan kome her, han kan kome rett ved Voldatunnelen og han kan kome i Hovdebygda. Ørstingane fryktar å misse handelen til ytre søre Sunnmøre ved det siste alternativet. Tunnelen er kostnadsrekna til 1,2 mrd. kr, er om lag fire km lang og kan få to løp.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Vi snakkar om pengeskåpet, eller endå meir konkret bommen som skal skaffe pengar til å finansiere Voldatunnelen. Tunnelen går gjennom fjellet frå tett ved Volda sjukehus, og til Furene på kommunegrensa til Ørsta. På denne måten vert heile tunnelprosjektet, som vert ei vidareføring av E39 frå Rotsethorntunnelen, eit reint Volda-prosjekt. Volda sit i prinsippet med begge endane, men kanskje også bukta. Dette skal no avklarast gjennom eit felles formannskapsmøte på Ørsta rådhus, onsdag 21. februar.