– Vi har hytte her oppe, så vi kjem til å vere mykje i bakkane på Strandafjellet, seier Truls Jakob Bjørkavåg (15) frå Giske.

Vi møtte han saman med systera Karoline Bjørkavåg (12) og veninna Aurora Ellingsæter Giske (12).

Truls hadde teke med seg snøbrettet opp i bakken, medan jentene ville stå på ski.

Og i løpet av veka kjem dei til å bruke både alpinbakkane og skiløypene.

Har fleire val

Dei tre ungdomane fortel at dei møter på mange kjentfolk i alpinbakkane. Dei som bur ute på øyane likar seg på ski.

Strandafjellet: Auke på 100 prosent

– Det har vore ein kanondag!

Dagleg leiar på Strandafjellet, Stian Græsdal, stadfestar det som truleg gjeld for fleire skisenter i distriktet enn Strandafjellet: Sol og blå himmel lokkar folk til fjells.

Så langt har det og vore ein god start på sesongen. Allereie no har talet på besøkande passert 32.000 – mot 50.000 for heile fjoråret.

– I forhold til fjoråret har vi hatt ei auke på over 100 prosent i talet på gjestar. Vi opna allereie første helga i desember og har hatt bra vêr, med kaldt vêr og fine forhold sidan dag ein. Vi hadde også ei veldig god romjul, seier han.

Resten av vinterferien ser han også lyst på:

– Meldingane er gode og vi har ting som skjer kvar dag, med barneskirenn og forskjellig, og på laurdag er det alperitt. Så det ser veldig bra ut.