Oppdatering: Også tysdag ettermiddag har det vore innstillingar på sambandet: Både avgangen 13.15 og 13.45 vart meldt innstilt, men klokka 13.40 melder Fjord1 at det skal vere ordinær drift i sambandet frå klokka 13.45.

Fjord1 melder klokka 06.04 tysdag morgon at ferjesambandet Stranda - Liabygda vert innstilt inntil vidare grunna tekniske problem.

– Antatt tid før sambandet er operativt igjen er for tida ca. fem timar. Det blir jobba med alternativ løysing med reservefartøy, opplyser Fjord1 klokka 07.33.

Sunnmørsposten har førebels ikkje klart å kome i kontakt med operativ leiar Bjørn Arild Sekkenes i Fjord1.

Dei tekniske problema var feil på ein signalgivar som indikerte at systemet ikkje var kobla inn. Vi har no sjekka systemet og alt fungerer fint. Derfor har vi vald å ta opp igjen ruta etter cirka to timar nedetid, opplyser, opplyste regionleder Odd Reidar Ormåsen til Sunnmørsposten.

Klokka 08.14 melde Fjord1 at sambandet er i ordinær drift igjen.

– Vi hadde ein reserveplan, men det vart ikkje nødvendig å bruke den, seier Ormåsen.