Dei fem nominerte kjedene som er valt ut av juryen er Slettvoll, Circle K, Elkjøp, Pizzabakeren og Specsavers. Det melder Virke på heimesida si.

Den nye prisen set fokus på god og berekraftig franchisedrift, og blir delt ut på Franchisekonferansen 7. mars.

Prisen skal delast ut til ein franchisekjede som har utmerka seg positivt i året som har gått.

Juryen vil mellom anna vurdere kjeda si utvikling og økonomiske nøkkeltal, om kjeda står fram som eit førebilete innan si bransje. Om evne til fornying og tilpassing til nye rammevilkår, franchisetakarane si tilfredsheit – og haldning til samfunnsansvar, etikk- og miljøspørsmål.