Det seier Bjarne Elde (Ap) som er leiar i utdanningsutvalet i Møre og Romsdal, når Sunnmørsposten gjer han kjend med Vanylven kommune sitt vedtak.

Elde håpar at stipend og sommarjobbgaranti har positiv effekt og stimulerer elevar til å søkje tilboda i Syvde.

22. mars skal utdanningsutvalet ha møte for å avgjere kva tilbod som startar opp til hausten på dei ulike skulane i fylket. Då vil det vere kjend kva tilbod og skular elevane har søkt.

Elde kan ikkje forskottere kva som vil skje ved avdelinga i Vanylven. Det er søkjartalet som avgjer,

– Viss tilbod har for lave søkjartal, så kan vi ikkje starte opp. Det gjeld både for Vanylven og andre stader, seier han.

– Kva trur du om framtida til avdelinga i Syvde?

– Den er utfordrande. Eg kan ikkje seie noko anna. Vi har greidd å halde oppe skulen så langt, og det er ikkje planar om endring i skulestruktur i inneverande periode. Men det er sjølvsagt avhengig av at ein har søkjarar, seier Elde og legg til at ingen ønskjer å leggje ned tilbod om ein har søkjarar.