I haust gjekk debatten høgt i Sunnmørsposten: Skal vi brenne eller gjenvinne matavfallet. Giske kommune var først ut med ny søppelsortering.

No har Årim gått frå dør til dør og spurt folk i 100 husstandar i Giske. Emma Nordstrand var ei av dei som fekk besøk på døra i går.

– Kva haldning har du til å sortere matavfall, der 1 er svært negativ og 7 er svært positiv? spør Ingeborg Ukkelberg frå Årim.

– Sju, er svaret frå Emma Nordstrand.

Dei fleste vil sortere

Ho er altså svært positiv. Dette svaret er vanleg, viser oppsummeringa frå Årim. Åtte av ti spurte er meir eller mindre positive til sortering av matavfall.

Om det har miljøeffekt er ikkje folk like sikre på. 11 prosent trur at det har negativ miljøeffekt. 34 prosent er nøytrale. Dei fleste meiner det har ein positiv miljøeffekt.

Fem kilo per innbyggjar

Kva gjer så folk i praksis? Fasiten frå Årim så langt er:

Fem kilo innsamla matavfall per innbyggjar i månaden. Og for heile Giske kommune: 40 tonn matavfall og 63 tonn restavfall i januar.

– Dette lovar godt, seier Ukkelberg til Sunnmørsposten.

Ho trur det er mogleg å sortere enno meir.

– Tidlegare analysar har vist at om lag halvparten av avfallet er matavfall.

Glas og metall

Dunken med glas og metall blir tømt fem gonger i året. Etter éi henting er det samla inn 16,5 tonn. Emma Nordstrand er ikkje like sikker på at dette gir miljøgevinst.

– Fem, svarer ho, og viser at ho så vidt er på den positive sida.

– Men det er praktisk å sleppe å ta det med til miljøstasjonen, legg ho til.

– Og så er vi blitt klar over kor mykje vi kastar, seier ho.

Mange hentedatoar

– Kva seier andre du kjenner?

– Eg veit om eldre folk som syns det er blitt mykje å halde styr på, og også yngre som syns dette er travelt. Men i det store og heile er folk positive, seier Nordstrand. – Men appen som varslar hentedatoar var nede eit par dagar, legg ho til.

Dei 100 som er spurt i Giske har gitt Årim fleire anbefalingar når ordninga no blir rulla ut i andre kommunar. Så langt har Ørskog og Skodje fått nye bossdunkar. Frå neste veke startar det i Haram og Sandøy.