Ørsta og Volda:

Fortsatt sprik og krangel om tunnelbom

– Vi må arbeide for lik pine – lik nytte for eit bomvegprosjekt. Først då kan vi kome i mål.

Ein viss resignasjon: Dette bildet er nokolunde representativt for stemninga på Volda-sida av fellesformannskapsbordet på Ørsta rådhus onsdag ettermiddag. Den einaste som blanda seg med grannane i sør var Inger Sundnes (H), nr. to frå venstre. På motsett sida var Gunnar Strøm (SV) den einaste som menga seg med ørstingar.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Dette sa Odd Harald Sundal (Sp) frå Volda, då fellesmøtet mellom formannskapa i Ørsta og Volda nærma seg slutten onsdag ettermiddag. Også tidlegare i sonderingsmøtet om ei felles bomvegløysing mellom Volda og Ørsta, hadde orda pine/nytte vore nytta – for å skildre bompengeinnkrevjing.