– Det var eit veldig godt og konstruktivt møte, seier Jan Ove Tryggestad, styreleiar for Sunnmøre Regionråd.

– Ubegripeleg

KS1-rapporten anbefaler å utvide dei eksisterande tunnelane over ein periode på fire år, og å droppe rassikring mellom tunnelane.

– Vi imøtegår KS1-rapporten på ei rekke punkt. Det vi spesielt tok utgangspunkt i, er at rapporten går langt i å antyde at det ikkje er samfunnsøkonomi i vegen over Strynefjellet. Men etter at strynefjellsvegen opna på 70-talet, har det vore ei enorm utvikling i Nordfjord og på søre Sunnmøre. At det kjem ein rapport som overser dette er ubegripeleg, seier Tryggestad.

Fare for skade på vogntog

I dag er behovet for ein ny tunnel svært stort, meiner dei. Nordfjord Kjøtt var ei av bedriftene som var representert.

– Dei aller fleste vogntoga med ferdigprodukt, til dømes frå pizzafabrikken på Stranda, køyrer Romsdalen i dag. Det er mange som køyrer Romsdalen på grunn av fare for skade på materiell og kanskje også på sjåfør, seier Tryggestad, som sjølv kjem frå Stranda.

Også mykje av tungtrafikken frå ytre søre vil kunne køyre Eiksundsambandet og Strynefjellet i staden for Hareid-Sulesund og Romsdalen, dersom det kjem betre tunnel over Strynefjellet, meiner han.

Regionen som har direkte nytte av riksveg 15 Strynefjellet femnar heile 18 kommunar. For desse kommunane vil vegen over Strynefjellet vere den raskaste vegen til Gardermoen og Oslo. Næringslivet i desse kommunane er også noko av det mest verdiskapande i Norge, med ei verdiskaping på 73 milliardar kroner (2016), sa dei i møtet i departementet.

Både Tryggestad og Stryn-ordførar Sven Flo opplevde at dei som sat på andre sida av bordet lytta og stilte gode spørsmål.

– Klare og tydelege

– Vi fekk god tilbakemelding på at vi var klare og tydelege, og at vi hadde ei ryddig tilnærming. Det dei spurde om spesielt var avvisingseffekten, kva næringslivet og transportørar vel som alternative trasear, seier Flo.

– Vi vart også utfordra til å påpeike feil og manglar i rapporten, og vi vil levere ei punktvis liste, seier Flo.

Håp om ny tunnel

Det er venta at samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil levere ei innstilling i løpet av våren. Det er regjeringa som skal avgjere konseptvalet.

Statens vegvesen og Vegdirektoratet har gjennom tre utgreiingar tilrådd ein 16,6 kilometer lang tunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen på Strynefjellet, som erstatning for dei smale tunnelane på dagens bratte riksveg 15. Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har også trekt fram dette alternativet (B1), og med ei mogleg fylkesveg-arm til Geiranger, som beste løysing.

Også fylkestinga i Oppland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal samt NHO, LO, Norsk Industri, Sjømat Norge, Norsk Reiseliv og ei mengd andre høyringspartar har vore klare på at berre nye tunnelar er løysinga for denne landsdelen.

Men det var før den eksterne kvalitetssikringa tilrådde utviding av dagens tunnelar.

– Kva trur de Solvik-Olsen vil anbe

I departementet Med Stryn-ordførar Sven Flo i spissen (framme) var delegasjonen i møte i samferdselsdepartementet i dag. F.v. Bjørn Lødemel, Tommy Skjærvold, Rolf Olav Tenden, Alexander Hopland, Jan Ove Tryggestad, Hans Olav Myklebust, Pål Bakke, Arnljot Muren, Svein Sunde. Foto: Privat

fale?

– Eg trur statsråden vil gå for trasé B1, og med arm til Geiranger. Alle signal han har gitt tidlegare tyder på at han ikkje vil ikkje kaste bort pengar på mindre tiltak som ikkje gir ei fullgod løysing for framtida, seier Tryggestad.

Med Stryn-ordførar Sven Flo i spissen (framme) var delegasjonen i møte i samferdselsdepartementet i dag. F.v. Bjørn Lødemel (Hornindal), Tommy Skjervold (statssekretær), Rolf Olav Tenden (Norges lastebileierforbund), Alexander Hopland (Nordfjord Kjøtt), Jan Ove Tryggestad (Stranda), Hans Olav Myklebust (Ørsta), Pål Bakke (NHO), Arnljot Muren (Geiranger Veginvest), Svein Sunde (Gode Vegar). Foto: Privat