Alarm frå lakseelv i Sykkylven

Meiner gummigranulat er farleg føde for fisken

Styret i Aureelva elveeigarlag er svært bekymra for at granulat frå kunstgrasbanen like ved hamnar i elva og blir til uønskt føde for fisken.

ELVEEIGAR: Jan Melseth, leiar i Aureelva elveeigarlag i Sykkylven, er redd følgene av å få mikroplast ut i elva, inn i fisken og inn i økosystemet. 

Nyheter

– Når det blir for mykje granulat i magen på fisken, vil han rett og slett stryke med fordi han ikkje klarer å fordøye den. Dessutan kan dette stoffet etter kvart ende opp som mikroplast i økosystemet – og til slutt bli ein del av maten vi et.