– Dei siste fem åra har handelsflåten i Møre og Romsdal ført fram ca. 650 fagarbeidarar med fagbrev gjennom Opplæringskontoret for Maritime Fag Nordvest. Før nedgangen i offshore var vi oppe i 170 lærlingar per år. Til hausten skal vi ha 100 nye lærlingar inn i handelsflåten, fortel Lied Giske til Sunnmørsposten. Fiskeri kjem ikkje inn under dette.

190 lærlingar i fylket

– Per dags dato har vi rundt 190 aktive lærlingar i Møre og Romsdal som kjem frå Vg2 Maritime fag.

104 på matrosfag, 67 på motormannsfag. I tillegg har vi 11 lærlingar i skipselektrikarfag. I 2018 er det 2–3 ledige plassar i kokkefaget.

To år på båt

– Dei elevane som går på dei aktuelle linene og som ønskjer seg eit yrke på båt anbefaler vi å søke Vg 2 Maritime fag og Vg 2 Elenergi.

Lied Giske anbefaler elevane om å gå inn på www.vilbli.no og sjekke utdanningsveg og kryssløp. Eller kontakte Opplæringskontoret for maritime fag.

– Dei som vil ha læreplass får det. Vel og merke så sant dei tilfredsstiller krava: Bestått Vg2 og naudsynt helseattest. Så får dei to år på båt.

Eigd og drifta av 27 reiarlag

Opplæringskontoret for Maritime Fag held til i Ålesund og er eigd og drifta av i alt 27 reiarlag innan brønnbåtar, ferje, offshore og fraktefartøy.

– Vi har lærlingar frå heile Møre og Romsdal, men også nokre frå Måløy og Trøndelag, fortel Giske.

Havila treng fleire

Hos Havila Shipping AS, bekreftar mannskapssjef Kristin Vedeld Kolgrov situasjonen.

Synd om elevane vel vekk dette

Kolgrov fryktar at utfordringane og negativiteten bransjen har opplevd har sett seg.

– I tilfelle er det synd dersom elevane vel vekk denne vegen. Både vi og andre treng fleire lærlingar. Vi håper bransjen får oppsving igjen. Ifølgje utsegn frå både analytikarar og andre i media her og der håper vel både dei og vi at det verste er over, sjølv om oppturen kan ta litt tid, påpeikar ho.

Positivt med fagbrev i botn

Elles ser ho det som udelt positivt at mange vel å gå denne vegen slik at dei har eit fagbrev i botn før dei går vidare på utdanning for å bli styrmann eller maskinist.

Havila Shipping har i dag 15 lærlingar. Gjennom to års læretid får dei både vere om bord i PSV og ankerhandteringsfartøy. I tillegg har vi nokre lærlingar på RRV fartøyet «Havila Troll».

Tar inn nye til hausten

– Vi kjem til å ta inn igjen lærlingar no til sommaren og vil halde fram med omtrent same talet på lærlingar som no.

Sjølv om vi har båtar i opplag held vi på lærlingane. Dersom «deira» fartøy blir lagt i opplag flyttar vi på dei til andre fartøy i drift slik at dei uansett får fullført læretida si, opplyser Kolgrov.

Ho strekar under at dette ikkje er meint som noko stort varsku om massesøknad.

– Mange går vidare på styrmannsutdanning og maskinistutdanning på fagskolane, eller dei vel nautikk på NTNU. Foto: Nils-Ove Støbakk