I verste fall vil kommunen over tid kunne miste fleire lokale handelstilbod.

Det fryktar Sp-politikar Petter Hjørungdal i Stranda.

I ein interpellasjon til ordføraren skriv Hjørungdal at butikkane på Moa, samt nettbutikkane, ser ut til å ta over meir og meir av handelen.

Stranda kommune er i dag med på ein interkommunal innkjøpsavtale, noko Hjørungdal meiner også er med på å redusere omsetninga ved fleire av butikkane i Stranda.

Han spør difor om kor lenge det er før denne innkjøpsavtalen går ut. Vidare spør han om ordføraren meiner at ein slik avtale er ei tenleg ordning for framtida, både med tanke på leveringstid og service – og med omsyn til lokalsamfunnet.