Ein av dei tiltalte i minibanksaka i Stryn:

– Kom til Norge for å kjøpe brukte bildekk

– Eg kom til Norge for å kjøpe brukte bildekk som eg skulle selje heime i Romania. Men så gjekk vi tom for pengar, og då var vi saman om å planleggje minibankinnbrota.

I følgje den eine tiltalte gjekk dei over til innbrot mot minibankar fordi ideen om å kjøpe bildekk for vidaresal i Romania mislukkast.  

Nyheter

(Fjordingen) Dette var forklaringa til den første tiltalte i minibanksaka som har forklart seg for Sogn og Fjordane tingrett. Medan dei to andre medtiltalte innrømte innbrota tidleg i politiet sin etterforsking, kom den tredje tiltalte med sin tilståing av straffskuld først då rettssaka starta måndag.