(Fjordingen:) Dei tre mennene ankom Sogn og Fjordane tingrett iført handjern måndag føremiddag. Fleire polititenestemenn og vakt frå arresten følgde dei tiltalte inn i retten og tok av dei handjerna før saka starta opp. Politiet sit vakt i rettssalen medan saka pågår.

Saka starta ved at aktor, politiadvokat Inger Beth Fosse, gjekk gjennom tiltalebeslutninga og spurte dei tiltalte om dei innrømte straffskuld.

Metoden som vart brukt, var å bore hol i minibankane sine frontpanel for å få tilgang til minibanken sin elektronikk. Deretter kopla mennene datautstyr til minibankane sine datasystem for å manipulere dei til å betale ut pengar.

Totalt lukkast mennene å få ut 7.000 kroner frå minibanken i Stryn og 5.900 kroner samt 140 euro frå ein minibank i Porsgrunn. Innbrotsforsøka mot minibankar på Skei, i Ski og Fredrikstad førte ikkje til uttak av pengar.

Politiet meiner saka har internasjonale dimensjonar og at tiltalte nytta skype på kommunikasjonsappen Whats App til å ha kontakt med ein fjerde person under innbrota. Denne personen skal dermed ha hatt ein viktig rolle i å manipulere minibankane.

Sogn og Fjordane tingrett har sett av fem dagar til handsaming av saka.

Dei tre tiltalte vert forsvarte av høvesvis Ole Petter Grythe Hoff, Mads Berven og Ivar Blikra.

Knut Broberg er rettens administrator.

Denne saka sto først på trykk hos Fjordingen.