Både Nederland og Irland ønskjer innsyn i den norske minibanksaka

Politiet både i Nederland og Irland har bede om innsyn i dokument frå etterforsking og rettssakene.

RETTSSAK: Politibetjent Vegard Dale forklarte retten om etterforskinga av minibankinnbrota.  Foto: Bengt Flaten

Nyheter

(Fjordingen): Då politibetjent Vegard Dale forklarte seg om etterforskinga av minibankinnbrota i Sogn og Fjordane tingrett tysdag, kom han på slutten av forklaringa og inn på moglege internasjonale koplingar i saka.