I eit brev til formannskapet i Stranda spør han kvifor det er slik, og viser til eit ferskt utspel frå Sp-politikar Petter Hjørungdal, som oppmoda om å bruke lokale butikkar.

– Eg er no heilt klar på at å slå ring ikring lokalt næringsliv er svært viktig i tida som kjem. Og såleis vert det heller ikkje aktuelt med noko som helst form for sal av Stranda Energi. Vi burde tvert imot støtte opp under dette selskapet og sikre arbeidsplassar ved å kjøpe all energien Stranda kommune brukar. Dette vil eg no ta opp i formannskapet og kommunestyre, legg Sve til.

Sve har tidlegare gått inn for sal av Stranda Energi AS.

Kjøp av straum frå Stranda Energi vil bli tatt opp som sak i formannskap og kommunestyre, lovar Frank Sve (Frp). Foto: Anne-Mari Tomasgard