Fylkesmannen vil ikkje ha veg i dagen gjennom friluftsområdet Svartløken. Høyringsfristen i saka går ut i dag.

Mevatnet: I Vegvesenets alternativ 3.1 går E39 oppe i dagen frå Fylling og hit til Mevatnet i Skodje, og i tunnel vidare forbi Svartløkvatnet til Tomrefjord. Fylkesmannen vil ikkje ha framtidig E39 her. Arkiv. Foto: Dagfinn Lillebø

I hovudtrekk meiner Fylkesmannen at influensområdet for alternativ K3.1 og K3.2 gjennom Svartløken er avgrensa for knapt i Vegvesenet si utgreiing, og at konflikta for natur- og friluftslivsverdiar er større enn det som går fram her, heiter det i høyringssvaret.

- Vi rår derfor sterkt i frå ei løysing med veg i dagen slik alle K3 alternativa legg opp til i ulik grad i Fylling/Svartløkenområdet. Konfliktane er her så store at vi varslar motsegn til ein framtidig planprosess som legg opp til utbygging av desse vegtraseane, skriv fylkesmannen.

Høyringssvaret frå fylkesmannen vart sendt i dag.

- Vidare vurderer vi alternativ K2.0 og K2.1 over Ørskogfjellet som mindre problematisk enn framstilt. Ei utviding av eksisterande veg vil ikkje påverke dei største verdiane i naturreservata. Ved K2.1 vil det vere meir konfliktfylt med ei utviding av vegen mot Nysætervatnet, framfor ei utviding inn i Måslia naturreservat.

90- eller 110-sone

Eit spørsmål vil vere om eit slikt val blir til hinder dersom det i framtida skal byggjast firefelts veg med 110-sone. Fylkesmannen rår i alle fall til at vidare planlegging av ny E39 Digernes-Vik legg H5-standard til grunn (midtdelar og 90-sone).

Fylkesmannen peikar særleg på Solnørdalen og konsekvensar her for friluftsliv, landskap og landbruk, i tillegg til naturmangfald.