Han har for tida praksis på Valderøy ungdomsskule.

– Det blir mykje teknologisk læring gjennom bruk av iPad. Giske er jo ein realfagskommune, påpeiker han overfor Sunnmørsposten.

Frå barnehage til ungdomsskule

Tidlegare har Kristian Yung Sæther hatt praksis på Vigra barneskule og Vigra barnehage. No er han altså i ungdomsskulen.

– Det blir å assistere og hjelpe med å leggje til rette i skuletimane. Elles går det i leik, gym og mykje forskjellig, fortel han.

Det er også greitt med lærlingplass i Giske kommune når han bur på Valderøya.

At Kristian trivst godt som lærling i barne- og ungdomsarbeid gjorde kanskje sitt til at han vart kåra til årets lærling  i 2017 ved Sunnmøre kommunale opplæringskontor.

Inspirerande rollemodell

– Han fekk prisen på bakgrunn av hans store engasjement i læretida. Kristian er imøtekommande, syner glede og iver i samhandling med barna, og er ein inspirerande rollemodell for elevane.

Han støtter opp om arbeidet med å skape eit positivt læringsmiljø og er med på å realisere skulen sin visjon «vi flyg saman», var juryens grunngiving som også framhevar hans spesielle interesse for digitalisering og konstruksjonsleik.

Sette i gang prosjekt

Kristian har sett i gang prosjekt med koding/programmering i både barnehage og skule. Han har også starta ein sjakk-klubb i ei av lærebedriftene og har delteke i rekrutteringsarbeid gjennom skulebesøk og på Karrieredagen der han snakka med stor entusiasme om arbeid med barn og ungdom, seier juryen vidare.

– Dette er siste halvåret som lærling, fortel Kristian.

Når han er ferdig skal han kanskje vidareutdanne seg innan yrket. Kan hende blir det førskulelærarutdanning.

Treng lærlingar

Sunnmøre kommunale opplæringskontor har behov for lærlingar både i ungdomsarbeidarfaget, i helsearbeidarfaget, IKT-servicefaget og institusjonskokkfaget.

Dagleg leiar Andrea Hunger seier det er viktig at ungdommen sjølv tenkjer seg godt om over kor stor nytte dei kan dra ut av ei yrkesfagutdanning også senere i livet. Ein har alltid noko å falle tilbake til, og samstundes  få utfolde seg i det praktiske.

Omsorgsgen og helsefag

– Viss dei føler dei har omsorgsgenet og gjerne vil jobbe med barn, eldre og/eller sjuke kan dei søkje seg inn ungdomsarbeiderfaget eller helsearbeiderfaget. I kommunane Ålesund, Sula, Norddal, Giske, Sykkylven, Stranda og Skodje kan vi tilby lærlingplassar mellom anna i desse faga.

Om kommunar ønskjer lærling innan eit bestemt fag skal vi prøve å få det på plass også.

Sunnmøre opplæringskontor er eigd av dei sju nemnde kommunane, samt Kystverket, Acando Ålesund AS, Steinerskolen i Ålesund  og fleire private barnehagar. Dei har ca. 80 løpande lærekontraktar, der dei to store lærefaga er barne- og ungdomsarbeidar og helsefagarbeidar. Dei har også lærlingar i IKT servicefag og institusjonskokkefaget.

Inspirert av Marco Elsafadi

Nyleg hadde dei inspirasjonssamling med Marco Elsafadi.

– Vi synes det er kjekt, at vi også kan bidra med påfyll frå vår side, til både lærlingar, rettleiarar og faglege leiarar. Utan medlemsbedriftene våre hadde vi ikkje fått ut dyktige lærlingar. Dei gjer ein god jobb i kommunane, og det er vi takksame for, seier Andrea Hunger.

– Gjer at ein alltid har noko å falle tilbake til, seier Andrea Hunger, ved Sunnmøre kommunale opplæringskontor. Foto: Staale Wattø.