Oppdatering torsdag morgon:

Terje Birkeland ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier til Sunnmørsposten torsdag morgon at dei hadde kontroll på brannen rundt klokka 00.30, i 01-tida begynte mannskap å returnere frå brannstaden.

- Det har vore brannvakt på staden i natt, seier han.

Birkeland fortel at øvste leilegheita er brannskadd, leilegheita i andre etasje har vannskadar mens leilegheita i første har røykskadar.

Operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt seier til NTB natt til torsdag at han ikkje veit kvifor bilen begynte å brenne, men seier at dette vil bli etterforska vidare.

Frå onsdag kveld:

(Fjordingen): No brenn det i taket i ein av leilegheitene i det kombinerte nærings og bustadbygget.

Politibetjent Vegard Dale seier det er gjort greie for alle som var i bygget.

– Ein person vert sjekka av ambulansepersonell etter å ha pusta inn røyk. Elles skal det ikkje vere personskader. Brannbilen i Olden hadde kort veg, ettersom brannen starta i same bygg der brannbilen har garasje. I tillegg er brannvesenet frå Stryn, Hornindal og Utvik på plass for å bidra i sløkkinga, seier Dale til Fjordingen.

Også Stryn Energi var på plass med korgbil.

Brannen vart meldt kl 21.39.

Politibetjent Dale gir slik oppdatert informasjon til Fjordingen ved 23.30-tida:

– Dei som bur i bygget er tekne vare på og sendt andre stader for natta. Sløkkingsarbeidet pågår. Flammane blussar stadig opp men elden har ikkje spreidd seg utover den eine leilegheita i 3. etasje. Sløkkearbeidet vil pågå ei stund framover og det vert truleg brannvakt i natt, sa Dale.

Denne saka vart først publisert i Fjordingen