Oppdatering: 110-sentralen skriv ved 15.30-tida at brannen er under kontroll, og at brannvesenet driv med etterslokking på staden.

Ein gressbrann vart litt etter klokka 15, torsdag meldt å vere ute av kontroll på Gamlem i Haram.

- Naudetatene er på veg til staden, heitte det frå politiet klokka 15.08.

Klokka 15.18 meldte Møre og Romsdal 110-sentral vidare at Haram brannvesen var framme på staden og at slokking var iverksett.