Eit samrøystes kommunestyre i Sykkylven har vedteke å gjennomføre sonderingar med naboane sine, altså Stranda og nye Ålesund kommune.

– Eg har allereie varsla Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad om at vi kjem med ein førespurnad om eit møte, seier Odd Josten Drotninghaug, ordførar i Sykkylven.

Dei to kommunane forhandla for to for år sidan fram ein intensjonsavtale om ei samanslåing. Men dette vart seinare avvist av dei to kommunestyra.

Vidare fekk Sykkylven ein intensjonsavtale med regionkommunen Ålesund.

– Eg er framleis skeptisk til samanslåing, Men den økonomisk situasjonen kan tvinge oss, seier Drotninghaug.