– Det var nokså tilfeldig at eg hamna her. Huseigaren i Volda var innom kafeen eg driv i Utvik. Han spurte om eg visste om nokon som kunne tenke seg å starte opp att overnattingsstaden i bygarden han eig i Volda.

Hermansen fann raskt ut at det kunne han sjølv tenkje seg å gjere.

Oppgradering

Og etter ei tid med oppgradering av lokala i Storgata er han klar til å ta imot dei første gjestane. Dei kjem allereie i helga.

– Eg skal framleis drive Kafé Sjøatunet i Utvik. Difor har eg fått hjelp av systera mi, Dorete Petersen, til å drive denne overnattingsstaden.

– Dessutan skal vi leige inn folk, seier 62-åringen, opphavleg frå Skagen på Jylland, men dei siste to åra med Utvik i Nordfjord som heimeadresse.

– Vi kan tilby i alt fem dobbeltrom, tre familierom, to firesengsrom og fire enkeltrom. Desse deler på fire toalett, forklarer Hermansen.

KLAR: Sengene står klare for dei første gjestane som kjem til Volda i helga.

Nye møblar

Den litt enklare standarden enn det vanlege hotell kan tilby gjer også at prisane er lågare.

– Men vi legg vekt på at alt skal vere reint og ryddig. Så eg har investert ein del i nytt inventar og ein god del nye møblar.

Og systera Dorete har brukt vaskekluten flittig. Volda Hostel B & B er allereie inne på booking.com, og bestillingane tikkar inn.

– I påska blir det mykje folk her. Og no fekk eg til dømes ei bestilling frå ein familie i Austerrike, som vil bu her i juli, fortel Claus Hermansen ivrig.

Han lokkar mellom anna med gratis parkering og gratis wifi – og frukost.

Heile året

Og overnattingsstaden i Volda blir open heile året.

– Det er stadig vekk gjestar på kafeen i Utvik som spør etter rimelege overnattingstilbod i området. Det kan dei no få i Volda sentrum, legg Claus Hermansen til.

MORGENKAFFE: «Om lidt er kaffen klar,» seier Claus Hermansen og Dorete Petersen, og siterer sin landsmann Povl Dissing.