Eit fleirtal gjekk inn for at heile kommunen samla blir ein del av den nye storkommunen.

Tre stemte imot og 16 for, ifølgje Romsdals Budstikke soim følgde møtet direkte.

Kommunestyret avviste dermed ønsket til øybuarane på Ona, Orten og Sandøy om grensejustering. Øyfolket ønskjer seg inn i Aukra kommune.

– Vil bli betre høyrd i Aukra

Romsdals Budstikke snakka med dei tre i mindretalet i Sandøy kommunestyre etter møtet. To av dei er frå Venstre – Robert Coates frå Harøya og Odd Arve Orten frå Orta – og Olav Ellevset, Høyre, frå Sandøy.

Dei meinte at debatten gjekk som venta. Odd Arve Orten trur småøyene vil bli betre høyrd i Aukra enn i nye Ålesund kommune: