Nye Ålesund kommune:

Fleirtal vil ha Sandøy til Ålesund

Kommunestyret i Sandøy handsama torsdag saka om kommunesamanslåing med Nye Ålesund.

Hamna på Ona som no kan bli del av Ålesund kommune.  Foto: Torstein Viken

Nyheter

Eit fleirtal gjekk inn for at heile kommunen samla blir ein del av den nye storkommunen.

Tre stemte imot og 16 for, ifølgje Romsdals Budstikke soim følgde møtet direkte.

Kommunestyret avviste dermed ønsket til øybuarane på Ona, Orten og Sandøy om grensejustering. Øyfolket ønskjer seg inn i Aukra kommune.

Fylkesmannen skal levere sin innstilling i saka 23. mars.

Fellensnemnda:

Mener folket på Ona, Orten og Sandøy bør bli ålesundere

I vedtaket står det at fellesnemnda ønsker at de tre øyene pluss Lyngværet, Sæterøya og Gåsøy slår følge med resten av Sandøy kommune inn i Nye Ålesund.


– Vil bli betre høyrd i Aukra

Romsdals Budstikke snakka med dei tre i mindretalet i Sandøy kommunestyre etter møtet. To av dei er frå Venstre – Robert Coates frå Harøya og Odd Arve Orten frå Orta – og Olav Ellevset, Høyre, frå Sandøy.

Dei meinte at debatten gjekk som venta. Odd Arve Orten trur småøyene vil bli betre høyrd i Aukra enn i nye Ålesund kommune:

– Dei lovar oss dei same rettane som deira eigne innbyggarar har, sa Orten.

Skal 55 innbyggjarar bestemme over 400 kvadratkilometer?

Kven skal bestemme over 40 prosent av arealet i ein kommune, spør prosjektleiar Astrid Eidsvik i Nye Ålesund.