– I dag står huset fram som ein velhalden jugendgard i ei jugendrik gate i byen, og bygget passar slik godt inn i ei rekkje av heldige restaureringar av jugendfasadar i Ålesund dei siste åra, heiter det i grunngjevinga frå juryen som har merka seg ei grundig tilbakeføring av bygget sin fasade etter antikvariske prinsipp.

– Vi i speidarbevegelsen er veldig takknemlege og audmjuke over å få Godt vern-prisen. Vi ser det som ei tillitserklæring av arbeidet vi har utført, seier styreleiar Sindre Søvik Erstad.

Tidsrette detaljar

Godt vern-prisen blir tildelt under årsmøtet til Fortidsminneforeningen Sunnmøre Lokallag, som blir halde søndag 4. mars i Gamlegymnast i Volda.

I grunngjevinga for å gi prisen til Speidernes hus, har juryen lagt vekt på at det mellom anna er blitt produsert nye og tidsrette snøfangarar basert på gamle foto, og at puss- og målararbeid er handverksmessig utført.

Det blir og trekt fram som positivt at leiarar ved Speidernes hus arrangerte eit fagseminar for å dele sin kunnskap og erfaringar med restaureringsprosjektet med andre huseigarar i Ålesund.

Men juryen, som består av Sylvia Baier Evensen, Peder Alme, Jens Petter Ringstad og Terje Bratholm Eidsvik set og fingeren på stilbrot i fasaden.

– Typisk for bygningstypen kan det nemnast at det framleis er stilbrot i fasaden grunna moderne vindauge. Men juryen anerkjenner like fullt at restaureringa har vore omfattande og kostbar, og håper prisen for Godt vern 2017 stimulerer til vidare arbeid med å gjenskape bygget sitt opphavlege uttrykk, skriv dei i si grunngjeving.