Statens vegvesen har endeleg funne nye kafedrivarar i trioen Eliska Svobodova, Tommy Nerhus og Aina Beate Nerland.

Dei to sistnemnde driv også Gudbrandsjuvet camping.

I kafeen vil dei servere profesjonelt brygga kaffi og heimelaga rettar med lokale produkt.

– Verksemda vil i hovudsak fungere som kafe på dagtid. Samtidig ønskjer vi å arrangere ulike utstillingar og konsertar. Vi ønskjer også å arrangere kurs der publikum eksempelvis kan lære å lage syltetøy av dei beste jordbæra. Dette gjer vi for å by gjestane våre på det vesle ekstra og for at opplevinga av Valldal skal bli hugsa som særeigen, fortel Eliska Svobodova i ei pressemelding.

Kafeen opnar i juni.