16-årige Stella Birthe Poland frå Hornindal er vidare i Norske Talenter, etter at ho imponerte dommarane med voggesongen I Giorni på TV2 fredag kveld:

– Du fekk tårene mine til å renne alt frå første tone. Du har ei gåve, sa dommar Janne Formoe om Stella sin innsats på harpa.

Mia Gundseren var også imponert:

– Dette var aldeles nydeleg. Du rørte meg også. Du skaper magi. Tid og rom forsvinn.

Dansegruppe gjekk vidare

Tre deltakarar frå Nordvestlandet var med i kveldens utgåve av Norske Talenter.

Syver Wågsholm (10) deltok med turn og drill. Han gjekk ikkje vidare. Det gjorde derimot gruppa Storyteller, som dansar med masker. Ein deltakar frå vårt område er med og dansar, og Sunnmørsposten kjem tilbake til kven dette er seinare.

– Med tanke på kor høgt nivået på dans er i verda er det så gøy og sitte her og bli imponert i Norge, sa dommar Mona Berntsen etter innsatsen.

Har øvd mykje

Også Syver fekk godord med på vegen vidare:

– Eg ser du har øvd mykje på koreografien. Du har framleis mykje å øve på, men eg synest du gjorde ein fin audition, sa dommar Berntsen.

Dei som deltok i Norske Talenter fredag kveld har kome seg gjennom innleiande rundar. Og i kveld var det dommarane sin tur til å velje ut.