Det seier Tormod Eldholm i Volda/Ørsta Røde Kors Skredgruppe til avisa Møre.

Han ser at mange skiløparar allereie har gått ut på skavlen som har danna seg på Melshornet. Og han åtvarar no folk mot å følgje etter andre sine spor, sidan ingen veit når skavlen rasar.

– Det vi ser i vinter, er at skavlane har blitt veldig store. Skavlane har gjerne bygt seg opp annleis enn tidlegare år også, på grunn av at vindretninga har vore unormal i år, fortel Eldholm til avisa.

Melshornet eit populært utfartsmål, med opp mot 200 besøkjande dagleg.

Skavlen på Melshornet er svært stor i år, og Eldholm kan forstå at det er freistande å gå ut på den for å kike på utsikta og fotografere.

– Men det gjeld å vere forsiktig, ein kan risikere at skavlen gir etter, åtvarar Eldholm og oppmodar turgåarane til å halde seg ved varden som står på fast fjell.