Frigjer namn etter ulykke ved Oldevatnet

Det var 43-år gamle Stefan Mate som døydde søndag etter å ha gått gjennom isen med traktor i Stryn laurdag 3. mars.

Gjennom isen: En traktor med fører gikk gjennom isen på Oldevatnet i Stryn lørdag ettermiddag.  

Nyheter

Vest politidistrikt frigjer no namnet i samråd med familien til avdøde. Mate døydde på Haukeland universitetssjukehus søndag, som følgje av skadane han pådro seg då han gjekk gjennom isen på Oldevatnet med traktor laurdag 3. mars.

Vidare undersøking etter ulykka skjer frå Stryn og Hornindal lensmannskontor.