Har inngått avtale om leie

Olympic Subsea ASA i Fosnavåg har inngått ein avtale med Reach Subsea ASA om utleie av fartøyet «Olympic Challenger».

Ny kontrakt: «Olympic Challenger» er utleigd til Reach Subsea ASA i ein toårskontrakt. Her frå dåpen av skipet. 

Nyheter

Det opplyser Olympic i ei pressemelding. Avtalen gjeld for ein toårsperiode, med ein mogelegheit til ytterlegare leie i eitt år.

Fartøyet skal nyttast til ulike oppgåver innan inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar av subsea-installasjonar, samt arbeid innan fornybar-prosjekt.

Styreleiar Stig Remøy seier i pressemeldinga at denne kontrakten er ein bekrefting på at selskapet sin strategi om å ha ein flåte av fleksible fartøy var riktig.

– Allsidigheita til fartøya og kompetansen til mannskapa vil vere viktige konkurransefortrinn når den forventa veksten i markedet tek seg opp, seier han.

Administrerande direktør i Reach Subsea, Jostein Alendal, ser fram til samarbeidet med Olympic.

– Ein viktig del av strategien vår er å samarbeide med reiarlag som er kjend for høg kvalitet, seier han.

Grunna ein dårleg marknad har ikkje Olympic Subsea hatt nokre langsiktige kontraktar i lengre tid.

– Når marknaden no tek seg opp, har vi stor kapasitet der vi raskt kan innfri kundane sine behov innan subsea og fornybar-sektoren, seier Remøy.