Havyard og Fjord1 med kontrakt på elektriske ferjer

Havyard Group skal levere design til sju batteridrivne ferjer til Fjord1. Fem av desse skal i tillegg byggjast ved eige verft.

Elektrisk: Havyard har inngått kontrakt med Fjord1 om design til sju nye elektriske ferjer. Fem av dei skal i tillegg byggast ved eige verft.  Foto: Illustrasjon: Havyard

Nyheter

Det melder Havyard i ei pressemelding. Med denne kontrakten har selskapet no tretten batteriferjer i ordre på eige verft, og samtidig selt design på ytterlegare tolv.

Fem av dei nye ferjene skal byggast ved Havyard sitt verft i Leirvik i Sogn, og nyttast på sambanda Langevåg-Buvåg og Fedje Sevrøy i Hordaland og Kvanne-Rykkjem og Edøya-Sandvika på Nordmøre. Dei to andre skal nyttast ved sambandet Seivika-Tømmervåg på Nordmøre.

Samspel for grønare fjordar

Norske myndigheiter har sett strenge miljøkrav for nye ferjer på norske fjordar. Dei krev løysingar med null- eller lavutslippsteknologi som eit ledd i å redusere utsleppa frå ferjeflåta. Dette er noko designavdelinga til Havyard har lagt stor vekt på.

– Vi har «drifta ferjene» ved hjelp av avanserte simuleringsverktøy og såleis kunna optimalisere til det ytste, seier leiar for Havyard Design & Solution, Stig Magne Espeseth.

– Ulike operasjonsprofilar har vorte testa og gjennomgått, og resultata har gjort at Fjord1 valde oss som leverandør på design, seier han vidare.

Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, seier at kontraktane bekreftar at Fjord1 er leiande innan det grøne skiftet på dei norske fjordane.

– Vi held fram med å sette standarden, og det gler oss at vi både kan handle lokalt med norsk design og ferjer bygga i Norge og samstundes leie an i den grøne revolusjonen, seier han.

Havyard konkurrerte med fleire verft i Norge og utlandet om bygginga.

– Det har vore ein tøff konkurranse om desse oppdraga og vi får ingenting gratis, seier Lars Conradi Andersen, salsdirektør i Havyard.

– Ein kombinasjon av produkt, leveringstid og pris var utslagsgjevande for oss, og vi gler oss til å fortsette det gode samarbeidet med Fjord1, seier han vidare.